Har du lyst til å utvikle den tekniske kompetansen hos ein solid totalentreprenør?

Som del av vår framtidsretta satsing ynskjer vi å styrke vår internkompetanse på styring og oppfølging av tekniske fag i våre prosjekt. I den samanheng ønsker vi å tilsette ein ITB-ansvarleg. ITB-ansvarleg er ei ny rolle i organisasjonen og vil bli tillagt stort ansvar i høve vidare utvikling av selskapet sine rutinar og rammeverk innan ITB og Systematisk ferdigstilling.

Arbeidsoppgåver.

- Vidareutvikling og oppfølging av rutinar og rammeverk for ITB og systematisk ferdigstilling
- Vere ein kompetanseressurs på tekniske fag i bedrifta
- Ta ei aktiv rolle i prosjekteringsgruppa
- RITB-oppgåver i enkelte prosjekt
- Leiing av systematisk ferdigstilling og testing i enkelte prosjekt
- Teknisk prosjektleiing i enkelte prosjekt
- Innkjøp av RITB-tenester
- Andre oppgåver som tilpassast i lag med kandidat

Vi trur utvikling fungerer best i nær kontakt med prosjektgjennomføring. Vi legg derfor opp til at ITB-ansvarleg i tillegg til å ha overordna ansvar for fagfeltet skal bidra som RITB i enkelte av våre prosjekt. 

Åsen & Øvrelid er ein organisasjon med stor takhøgde og i denne stillinga vil du få moglegheit til å være med å utvikle ein solid totalentreprenør inn i framtida. Vi har stort fokus på digitalisering og bruk av digitale verktøy i all utvikling. Det vert også viktig i vidare utarbeiding av rutinar knytt til ITB. 

Kompetanse/Erfaring.

  • Høgare utdanning. Minimum bachelor-nivå.
  • God forståing for og innsikt i tekniske fag.
  • Erfaring i rolla som ITB-ansvarleg og/eller RITB.
  • Kjennskap til relevante standardar for ITB og systematisk ferdigstilling
  • Solid digital kompetanse

Personlege eigenskapar.

  • Du har eit sterkt engasjement for ITB og digital utvikling
  • Du leitar kontinuerleg etter forbetringspotensial og effektivisering av arbeidsprosessar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Du tar sjølv initiativ og liker godt å jobba i team
  • God lagspelar som blir motivert av å lykkast saman med andre
  • Du snakkar og skriv godt norsk

Vi tilbyr.

  • Ansvarsfulle oppgåver i mange spennande prosjekt
  • Moglegheita til å påverke og bidra i utviklinga av ein framtidsretta entreprenørorganisasjon.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med korte kommunikasjons- og avgjerdsvegar

Konkurransedyktige vilkår, god pensjonsordning, bonus- og forsikringsordningar 

For meir info eller søknad:

Kontakt: Finn Ove Øen. tlf. 95 98 56 18
Send søknad til. finn.ove@aasen-ovrelid.no

Søknad snarast og seinast: 31.01.2025